
Der ingen finn oss
Sjanger: Barnebøker
Om lydboken
Bli med på ei reise inn i fantasien! Til ein stad der ingen finn oss ... Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i fantasien, inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei vil heller vere i fantasien enn i den verkelege verda.
Der er dei sterke, der kan dei gjere som dei vil! Mathias Nyhagen Asplunds debutbok DER INGEN FINN OSS skil seg ut på alle måtar. Det er ei stilfaren og tenksam, men også fantasifull og fabulerande bok, som grip tak i lesaren og ikkje slepp taket. Mathias Nyhagen Asplund har eit særeige språk og ein levande fantasi som overtyder alle som les boka om at fantasi er viktig.
Viktigare enn å følgje reglar og å gjere ting «rett».
Flere lydbøker av Mathias Nyhagen Asplund
- Vandre heimMathias Nyhagen Asplund
Lydbøker du kanskje også liker
- Fem reiser til sjøenEnid Blyton
- Slottet med de grå barnaChristian Grenier
- BestefarkrigenBjørn Ingvaldsen
- Buksa mi er forheksetJim Benton
- Doktor DyregodHugh Lofting
- Aldri gjør noe noensinneJim Benton






